|
Misje –Songen Tone: Å Vestland, Vestland |
|
|
1. |
Hvis du har hug, så kom med meg ein tur, skal du få sjå kor folk på Misje bur. Ei lita øy som hallar i mot aust, med mange fine hus, med båt og naust. |
|
2. |
Her våre fedre streva trutt for oss, no er dei fleste gøymd bak gram og kross. Dei lærde oss å tru på allmakt Gud og visa vyrdnad
for hans ord og bud. |
|
3. |
Eit bedehus vi har - det tek eg med. Der kan vi sarmlast stilt i ro og fred og han som sende Frelsaren til jord og byd oss fred og frelse i sitt ord. |
|
4. |
Og skulehus vi har - det kan du sjå, der borna kjem og skal sin lærdom få. Eit honorkester kan vi visa fram, For born på Misje tinga sine kan. |
|
5. |
Forretning har vi, den er ganske bra, der kan vi kjøpa alt som vi skal ha, frå knappar, brød til syltetøy og salt, og herleg kaffi som er filtermalt. |
|
6. |
Og to bedrifter har plassert seg her. Den eine ligg beskjeden på eit skjer. Dei lagar båtar utav fierplast med tofter, tiljer, men utan mast. |
|
7. |
Den andre den ligg sør i Ullevik, den vøler alt på småbåtar og skip. Og vil du ha en fin-fin hageport: På Misje verkstad kan du få det gjort. |
|
8. |
Og vi har hummar og vi "el" opp laks, dei trivst og veks i Misje hummarpark. Med fly og båt vart laks og hummar sendt, i mange
land er Misje - namnet kjent. |
|
9. |
Og fine båtar det har alle mann. Dei ligg i rad og rekkje langs med strand. Om du vil ha ein tur med fiskestang, så kom ver med vi" Sabben" set i gong. |
|
10. |
Bit lite vatn ligg så stilt og blidt. Om sommaren vi bada kan der fritt. Om vinteren ligg isen blank og blå, då bom og vaksne kan på skøyter gå. |
|
11. |
Og vil du gjerne sjå mot havet ut, så går vi opp på øyas høgste nut. Der kan vi sjå når sola går i hav. Der ute mange fekk si våte grav. |
|
12. |
Så ynskjer eg alt godt ror øya vår. Om nokre år vi kanskje brua får. Då kjem det sikkert bi! i alle tun, og det vert lett å ta ein tur til by'n. |
Skrevet av Kristine N..Misje 1972